Anders Haaland: Frå fire til 367 ringnotbåtar

28.mars 2017 fortalte Anders Haaland frå Fiskerimuseet i Bergen om overgangen frå snurpenot til ringnot i åra 1963 til 1967.

haaland1

Anders Haaland viste foto og forklarte om viktige år i norsk fiskerisoge.

Det var knytt stor interesse til foredraget til Anders Haaland, tidlegare leiar for Fiskerimuseet i Sandviken i Bergen. Haaland gjorde greie for norsk fiskerisoge frå 1910 til 1960, med fokus på brislingsfiske.  Haaland tok også opp sider ved overgangen frå snurpenot til ringnot midt på 1960-talet. Der talet på ringnotbåtar i Norge auka frå  fire i 1963 til 367 i 1967. Med sœrskild fokus på utviklinga i kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Her kan du kan laste ned og lytte til foredraget ( MP3-format ).

Haaland3

Drøsen om det Haaland fortalte gjekk vidare også i pausen.

Haaland2

Det er alltid noko å bita i på samlingane i gamlabøteriet.

Advertisements