Ivar Fjeld om strilen i Irland

Ivar Fjeld og Asbjørn Landro fann strilar i Connemara i Irland. Laurdag 17.september 2016 var det seminar om strilen sitt gåtefulle opphav.

stril9

Strilar kom for å høyre om strilane som er funnen i Irland.

Er strilen ein innvandrar frå øyane vest i havet, eller er han ein del av urfolket i områda kring Bergen? Strilen sitt opphav alltid vore ei gåte. Den gravande journalisten Ivar Fjeld har i tre år jakta på strilen si soge. No meiner han å ha funne eit viktig spor.Side1 copy
Laurdag 17. september var i overkant av 35 kulturinteresserte strilar samla til seminar om strilen i Connemara i Irland, på Libaskaien på Liaskjeret, Sotra.
Ivar Fjeld har dei siste åra reist tre turar i vesterled til Skottland, Orknøyane og Irland for å leite etter strilen. Og han fann spor etter han i Connemarra i Irland.
Med på reisene var også Asbjørn Landro, som er pensjonert lærar. På seminaret presenterte dei begge, med ulik vinkling, kva dei hadde funne på sine reiser.

Strilen dukka opp i den gæliske folkloren i Connemarra. Og omgrepet lever enno i kyststrøka i Irland og i keltiske busetnader heilt borte i New Foundland. Stril er brukt både som eit skjellsord og ein identitet.
Kven som var prototypen på omgrepet stril, er det ingen som veit. Men Fjeld har ein teori om at vikingane røva med seg keltiske trellar heim til kysten av Noreg.