Kulturkveld med Nils Kristian Lie

Den tidlegare domsprosten på Hamar held eit føredrag om den kristne martyren Kai Munk. Grethe Lie Gammelsæter las dikt. Og Raymond Lie vitna om korleis han vart rusfri.

Nils-2

Nils Kristian Lie er fødd på Liaskjeret. 23.oktober var han på plass i Gamlabøteriet.

Onsdag 23.oktober var det kulturkveld i Gamlabøteriet på kaien på Liaskjeret.  Tidlegare domprost og sjømannsprest Nils Kristian Lie var invitert til å halda eit føredrag om den danske prest og forfattar Kai Munk.

NILS-1

Lie vitna om og las frå mange bøker av Munk.

Presten og norgesvenen Munk vart henretta av Nazistane 4.januar 1944, og døydde som eit sanningsvitne og kristen martyr.  Grethe Lie Gammelsæter  las eit dikt av Munk som vart funnen heime hos mora Valborg Lie.

Peder O. Lie innleia ved å minne om misjonsarbeidet i familien. Der bestemor hans Rakel Kristine Lie støtta Kina-misjonen til Marie Monsen, medan Lars Iversen og hans etterkomarar var og er aktive i Det Norske Misjonsselskap.

Ghrete2

Grethe Lie Gammelsæter las dikt.

Raymond Lie vitna og sang om det nye livet som rusfri. Han takka Liegruppen for all støtte han har mottatt i ei vanskeleg tid i livet.  Nils Kristian avslutta føredraget med ei oppmoding til dei kring 40 frammøtte:

– Lytt til Jesus sitt kjærleiksbod. Når domen kjem skal du ikkje opp til eksamen i dogmatikk, der det viktige er kor mykje du huska av katekismen. Men heller kva du gjorde for han som låg i rennesteinen.

peder-1

Peder O. Lie bad Raymond Lie dele eit vitnesbyrd.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s